Hopp til hovudinnhald

Eit hundretal tilhøyrarar benka seg til innføringskurset om eIDAS og vegen mot digital lommebok på NOKIOS-konferansen tysdag.

Laga: 21. oktober 2025
Rune Kjørlaug på scenen
Strategisk verksemdsarkitekt Rune Kjørlaug frå Brønnøysundregistera orienterte om grunnlaget for arbeidet med verksemdslommebøker i Noreg og Europa.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Fagdirektør Tor Alvik i Digdir og verksemdsariktekt Rune Kjørlaug frå Brønnøysundregistera presenterte bakgrunnen for arbeidet i Noreg om utvikling av digitale lommebøker for personar og verksemder.

Kurset ga deltakarane innsikt i eIDAS 1 og eIDAS 2-forordninga som gjeld alle medlemsstatar i EU og EØS, og pågåande nasjonale prosessar, blant anna konseptvalutgreiinga for eID på høgt sikkerheitsnivå, og korleis EU-regelverket vil påverke både offentleg sektor, næringslivet og innbyggarar.

eIDAS 2.0 set ein ny standard for korleis europeiske land skal samarbeide om identitet og tillit på tvers av landegrensene. Dette handlar ikkje berre om teknologi, men om datadeling på tvers, handel, tillit, brukervennligheit og inkludering.

Fullboka konferanse

Tysdag er det påmeldt 600 deltakarar på NOKIOS (Norsk konferanse for IKT i offentlig sektor), og på hovudarrangementet onsdag og torsdag er det 1000 påmeldte. Digdir er medarrangør av konferansen som er ein møteplass for alle aktørar som kan bidra til betre og meir effektive offentlege tjnester i Noreg ved god bruk av IKT. I 2025 arrangeres konferansen for 19. gang.

Tor Alvik
Fagdirektør Tor Alvik orienterte om arbeidet med det europeiske og norske regelverket som ligg til grunn for innføringa av digitale lommebøker.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Kontakt

Tor Alvik

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 41 58 67 54

Rune Kjørlaug

Strategisk virksomhetsarkitekt, Brønnøysundregistrene