Lanseringa og workshoppen om digitale lommebøker samla over hundre engasjerte deltakarar frå heile landet. På arrangementet vart sandkassa for digitale lommebøker lansert, eit innovativt testmiljø for offentlege og private verksemder.

Det var «stinn brakke» på arrangementet på NOKIOS i Trondheim tysdag. Under første del ga Digdir og Brønnøysundregistera deltakarane ein introduksjon om arkitekturrammeverk, prinsipp og grunnfunksjonalitet som ligg til grunn for digitale lommebøker.
Deretter var det gruppearbeid der deltakarane jobba konsentrert med oppgåver om datadeling og digitale bevis for verksemder. Gruppene diskuterte kjerneproblemstillingar som er relevante for utviklinga av tenester i lommebok-økosystemet.
- Kva data deler di verksemd i gitte prosessar?
- Kva data er di verksemd interessert i å motta frå andre i desse prosessane?
- Kva digitale bevis kan brukast til å formidle data?
Svara frå gruppene skal bidra til å forstå heilheitsbildet av dataflyt og behov på tvers av verksemder og sektorar.
Lansering
På del to vart sandkassa for digitale lommebøker offisielt lansert på workshopen (sjå også pressemelding). Sandkassa opnar for at verksemder kan utforske, teste og skape nye digitale løysingar før implementering i full skala. Her skal både tekniske og juridiske aspekt av datautveksling prøvast ut, spesielt knytta til bruk av digitale bevis og sikkerheitsmodellar.
Sandkassa vil ha ei levetid på anslagsvis to år framover. Med stor interesse frå publikum og brei deltaking fra både offentleg og privat sektor, kan det ligge an til ein flying start for sandkassa.
Fullboka konferanse
Tysdag er det påmeldt 600 deltakarar på NOKIOS (Norsk konferanse for IKT i offentlig sektor), og på hovudarrangementet onsdag og torsdag er det 1000 påmeldte. Digdir er medarrangør av konferansen som er ein møteplass for alle aktørar som kan bidra til betre og meir effektive offentlege tjnester i Noreg ved god bruk av IKT. I 2025 arrangeres konferansen for 19. gang.
