Hopp til hovudinnhald

Digital postkasse til innbyggar er eit av våre hjartebarn. Fleire og fleire innbyggarar og verksemder tek i bruk tenesta. Det er vinn - vinn for alle partar.

Oppretta: 21. juni 2023 Sist endra: 25. oktober 2023

Enklare og raskare - for alle

Tidlegare, når ein fekk brev i den fysiske postkassa så var det mange ledd dette skulle gjennom før det kom fram.

Det måtte skrivast, printast, bli lagt i konvolutt, adressert, sett på frimerke og sendt. Deretter måtte postbæraren levere det i postkassa di. Dette seier seg sjølv, det er ikkje gjort på eit blunk.

Eit digitalt brev ligg i di digitale postkasse innan få minutt frå det vart sendt. Det er raskare - og mykje meir kostnadseffektivt.

Statistikken for mai er no publisert. Sjå meir statistikk her.