Hopp til hovudinnhald

Onsdag morgon går vi «på lufta» med årets digitale Brukerråd for fellesløysingane. Også i år ligg det an til rekorddeltaking!

Digdir er klar for Brukerrådet

Mange i Digdir har hatt ein hektisk produksjonsperiode siste tida. I tillegg til eigne krefter er ei rekkje av Digdirs kundar involvert i arbeidet med å presentere korleis fellesløysingane kan nyttast til å levere gode digitale tenester.

Rekorddeltaking

Over 1200 deltakarar er allerede påmeldte Brukerrådet, og det er ikkje for seint å melde seg på.

Det har vore ein intens periode etter sommarferien, men no har vi kontroll på køyreplanane for begge dagar. Første konferansedag blir i hovudsak ei direktesending frå studioet vårt på Økern Portal, der Torgeir Waterhouse skal leie oss gjennom dagen. Dag to er i større grad produsert på førehand, og da blir det kollega Mari Jøndahl som blir programleiar.

Ny chatløysing

Parallelt med sendinga på dag 2 kan deltakarane rundt om i landet sende inn kommentarar og spørsmål via chat. Fagtilsette i Digdir sit parat for å gi gode svar og tilbakemeldingar til deltakarane undervegs.