Hopp til hovudinnhald

Bli med å foreslå kandidatar til årets digitale suksesshistorie! Vår eminente Olav Skarsbø leiar juryen som i år skal velje ut tre finalekandidatar.

Kven fortener Digitaliseringsprisen?

Digitaliseringsdirektoratet inviterar deg til å føreslå kandidatar som bidreg til å realisere regjeringa si digitaliseringsstrategi. Vinnaren vert kåra på Digitaliseringskonferansen 22. august.

Det ligg ei klår forventning frå regjeringa om at offentleg forvaltning skal utnytte moglegheitene som gir gode tenester for brukarane og samstundes effektivisere forvaltninga. På Digitaliseringskonferansen vil dei som har lukkast best med å møte desse forventningane få heder og ære for sitt arbeid.

Kriteria for kandidatar til prisen

  • Offentleg sektor er tenesteeigar
  • Bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
  • Eit samarbeid på tvers av offentlege verksemder, sektorar og gjerne offentleg-privat sektor som bidrar til ein enklare digital kvardag
  • Set brukaren i sentrum
  • Ei innovativ digital løysing/teneste   
  • Deler og bruker data på ein god måte 
  • God bruk av nasjonale fellesløysingar
  • Kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial

Årets jury

Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet vil velje ut tre finalekandidatar som blir presentert på konferansen. Sjølve kåringa av årets digitale suksesshistorie blir gjort av deltakarane på Digitaliseringskonferansen ved ei digital avstemming.

Bilder av årets jury for digitaliseringsprisen
Årets jury for Digitaliseringsprisen (f.v.): Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway, Marianne Hofseth-Olsen, administrerande direktør i Den Norske Dataforening, Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, Øyvind Husby, administrerande direktør i IKT-Norge, Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør i KS og juryleiar Olav Skarsbø, Digitaliseringsdirektoratet.

Årets juryleiar, Olav Skarsbø, håpar å få inn mange nominerte slik at juryen får litt å bryne seg på. Han forklarar kvifor Digitaliseringsprisen er viktig:

Gjennom Digitaliseringsprisen ynskjer løfte fram dei som har utmerka seg og som viser veg. Vi ser ei auka kraft på digitaliseringsområdet med fleire og betre tenester der brukaren er i sentrum.

På Digitaliseringskonferansen vil den eller dei som har lykkast best få heider og ære for sitt arbeid. Vi ynskjer å løfte fram eldskjelene!