Digitaliseringsdirektoratet inviterer deg til å føreslå kandidatar som bidreg til å realisere regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi. Vinnaren vert kåra på Digitaliseringskonferansen 31. mai.
Kven tykkjer du fortener årets pris?
Det ligg ei klar forventning frå regjeringa om at offentleg forvaltning skal utnytte moglegheitene som gir gode tenester for brukarane og samstundes effektivisere forvaltninga. På Digitaliseringskonferansen vil dei som har lukkast best med å møte desse forventningane få heider og ære for sitt arbeid.
Juryleiar Olav Skarsbø håpar på å få inn mange forslag også i år, slik at juryen får litt å bryne seg på.
– Denne prisen er viktig. Gjennom Digitaliseringsprisen ønskjer vi å løfte fram dei beste prosjekt og dei som har utmerka seg og som viser veg. På konferansen vil den eller dei som har lykkast best få heider og ære for sitt arbeid, seier Skarsbø.
Kriteria som vert lagt til grunn
- Bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
- Ei samarbeidsløysing der ei eller fleire offentlege verksemder er tenesteeigar(ar), og utviklinga må gjerne vere resultat av samspel mellom offentlege og private aktørar
- Kan vise til nyskaping, innovasjon, verdiskaping og berekraft
- Brukarorientert og bidrar til ein enklare digital kvardag
- Deler og bruker data på ein god måte
- God bruk av nasjonale fellesløysingar
- Kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial