Det skjer mykje spanande rundt fellesløysingane våre. Ny systemarkitektur for ID-porten og ny transportinfrastruktur for Digital postkasse er to av fleire dømer på aktivitetar som treff dykk som kundar og leverandørar. Det er difor viktig at de er oppdatert på kva som skjer til ei kvar tid.
Me prøver alltid å gi dykk nok informasjon kring aktivitetar som treff fellesløysingane. Samarbeidsportalen og Statuspage er dei kanalane me primært nyttar for å dela informasjon med dykk.
Abboner på Status Digdir
På Status Digdir finn du informasjon om produksjonssettingar, vedlikehald, driftsavvik etc for alle våre fellesløysingar. Her det viktig at de abbonerer på dei løysingane de treng informasjon om.
Under kan du sjå Thor Kristian ta deg gjennom funksjonalitet og moglegheitar på Status Digdir.
Prosjektsider
For dei til ein kvar tid pågåande prosjekta som er viktige for våre kundar og leverandørar ligg det eigne sider for dette her på Samarbeidsportalen. Her skal du alltid kunne finna oppdatert informasjon om framdrift, milepælar og eventuelle fristar som er relevante for dykk.