Nina Olsen Munthe blir konstituert avdelingsdirektør for fellesløysingane frå 15. november.
Nina Olsen Munthe (51) overtek for Frode Danielsen som skal fungere som sjef i Digdir fram til ny direktør blir tilsett av Kommunal- og distriktsdepartementet.
– Eg er glad for at Nina har sagt ja til å overta som avdelingsdirektør for ein periode. I tillegg til at ho kjenner vår eigen organisasjon svært godt, har ho god kontakt med verksemdene som brukar fellesløysingane og solid forståing for det viktige samspelet med driftsmiljøa, seier Frode Danielsen.
Olsen Munthe er utdanna jurist og har jobba i ulike leiarstillingar dei siste 16 åra, mellom anna som leiar for Skattetaten si rettleiingsteneste i Vest. Ho er i dag seksjonssjef i avdeling for fellesløysingar i Digdir. Der leiar ho seksjonen som har ansvar for teknisk og merkantil forvaltning og utbreiiing av fellesløysingane som ID-porten, Kontaktregisteret og Altinn.
– Vi har fleire hundre statlege og kommunale verksemder som nyttar dei digitale fellesløysingane frå Digdir. Eg ser fram til å samarbeide vidare med både tenesteeigarane og våre driftsleverandørar slik at vi saman kan gi innbyggarar og verksemder stadig betre tenester framover, seier Nina Olsen Munthe.
Digdir er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet og er regjeringas fremste verktøy for raskare digitalisering av offentlig sektor. Direktoratet har 350 tilsette med kontor i Oslo, Leikanger og Brønnøysund.
Om Digdir
- Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) vart oppretta 1. januar 2020. Det består av delar av tidlegare Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Altinn.
- Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare digitalisering av offentleg sektor.
- Direktoratet utviklar, driftar og forvaltar samfunnskritiske fellesløysningar som ID-porten, Altinn og registre som nyttast i digitale tenester frå det offentlege.
- Direktoratet ivaretek strategisk samordning av digitalisering i forvaltninga og har både stat, kommunane, næringsdrivande, frivillig sektor og innbyggarane som målgrupper.
- I Digdir inngår også Tilsynet for universell utforming av ikt.
- Hovedoppgåver:
- Legge premiss for digitalisering og heiskapleg informasjonsforvaltning i offentleg sektor
- Koordinere tverrgåande digitaliseringstiltak
- Tilrettelegge for utvikling av digitale tenester for innbyggarar, kommunar og næringsliv
- Forvalte og vidareutvikle felleskomponentar og fellesløysingar
- Ha ansvar for strategisk planlegging av videreutvikling av ein heilskapleg digital infrastruktur for offentleg sektor
- Ivareta tilsyn for universell utforming av IKT
- Bidra til utvikling og gjennomføring av regjeringas IKT-politikk, internasjonalt samarbeid og finansieringsprogram innan digitalisering.
- Vere premissgivar for innovasjon i offentleg sektor
- Følge opp klart språk i digitale tenester
Digdir har 350 tilsette med avdelingar i Oslo, Leikanger og Brønnøysund.