Hopp til hovudinnhald

Septembertala viser veldig høg trafikk for ei av fellesløysingane våre. Les meir om kva løysing dette er og kva som er bakgrunnen for den høge trafikken.

eFormidling

Ny transportinfrastruktur for digital post gir svært høge trafikktal på eFormidling i september. I september vart det sendt heile 631 117 forsendelsar gjennom eFormidling, mot 71 189 i september 2021.

Dette er nok berre byrjinga! Me vil sjå vesentleg høgare trafikk på eFormidling no framover etter at den nye transportinfrastrukturen blir teken i bruk av kundane våre.

Status for eFormidling i september

Godt verktøy for kommunesektoren

Kommunesida vår viser status for kommunane si utbreiing og bruk av fellesløsningane. Her kan du søkje opp og sjå status for digitaliseringa i din kommune, eller samanlikne fleire kommunar opp mot kvarandre.

Sjå status for din kommune

Sjå oppdatert statistikk for fellesløysingane