Sommaren er på hell, og det betyr også at årets DigdirCamp er over. Årets studentar fekk bryna seg på spanande oppgåver rundt bruk av PEPPOL og muligheter for å sende fleire typar elektroniske meldingar.
På årets DigdirCamp har 7 studentar frå NTNU i Trondheim og Gjøvik, Universitetet i Bergen, Sørøst-Norge og Oslo fått brynt seg på spanande og utfordrande oppgåver.
Peppol og meldingsutveksling
Ei viktig oppgåve var å undersøka korleis PEPPOL kan brukast til andre typar elektroniske meldingar, til dømes journalpostar til eInnsyn, og meldingsutveksling mellom offentlege verksemder.
Etter mykje godt arbeid var konklusjonen at PEPPOL-infratrukturen har stort potensiale til å nyttast innafor fleire område. Dette let seg gjera gjennom dagens funksjonalitet, og ein ser også bruk på andre område i fleire europeiske land.
Utover desse oppgåvene har studentane komme med viktige bidrag rundt dokumentasjon, ny teknologi og testmiljø, som er viktig input i Digdirs vidare arbeid.
Viktig for Digdir
DigdirCamp er svært verdifull for Digdir. Det gir oss høve til å ha ei dedikert gruppe som jobbar med bestemte fagområde, det utfordrar oss og gir oss verdifull input på fleire område. Samstundes er det eit viktig verktøy i rekrutteringsarbeidet, og er med på å visa fram alle dei spanande moglegheitane som ligg i det å jobba i Digdir.
- Studentane utfordrar oss på både tankesett og ny teknologi. Dei gir oss og veldig god input på dei fagområda dei jobbar innafor, seier seksjonsleiar på utvikling, Jørn Stenehjem.
Frå Camp til Trainee
For ein av camparane fortsett perioden hjå Digdir. Joachim Hagheim gjekk over i ei trainee-stilling i utviklings-seksjonen etter at sommaren var over. Han peikar på kor lærerikt og nyttig sommaren på DigdirCamp var.
Det var veldig bra og lærerikt. Det var veldig mykje nytt å setta seg inn i, samstundes som ein får nytta mykje av det ein har lært på studiet.
Joachim går no inn i teamet som jobbar med eFormidling, og skal få fortsetta arbeidet med meldingsutveksling i offentleg sektor. Me ønskjer Joachim velkommen til Digdir, og takkar alle Digdir-camparane for svært nyttige bidrag i sommaren.
Me ser allereie fram til neste års camp!