Årets camp er i gang, og også i år jobbar camparane tett saman med utviklingsmiljøet vårt og skal bidra i arbeidet med å utvikla og digitalisera Noreg.
Det kom inn 32 søknader til årets DigdirCamp. Til slutt var det sju elevar som fekk plass og «sommarjobb» i Digdir sine lokalar på Leikanger. IT-studentane kjem frå NTNU i Trondheim og Gjøvik, Universitetet i Bergen, Universitetet i Sørøst-Norge og Universitetet i Oslo.
Kva er DigdirCamp?
Kvart år inviterer Digdir IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Me gir sommarjobb til studentane frå midten av juni til midten av august. På DigdirCamp får studentane bruke kunnskapen og ferdigheitane sine til å jobbe med konkrete IKT-oppgåver.
Oppdraget er ei PEPPOL-oppgåve
Hallvard Bjørdalsbakke i Digdir har også i år i oppgåve å følge opp camparane. Han fortel at den faglege oppgåva som studentane har fått i fanget, handlar om PEPPOL (Pan-European Public Procurement Online).
PEPPOL-standardane er utgangspunkt også norsk infrastuktur og som gjer det mogleg å utveksle elektronisk faktura over grensene.
Me vil at studentane skal undersøke korleis PEPPOL kan brukast til andre typar elektroniske meldingar. Som for eksempel å kunne sende journalpostar til eInnsyn over PEPPOL, og korleis det kan brukast til meldingsutveksling mellom offentlege verksemder.
Demoar undervegs
Studentane skal gjennomføre demoar undervegs i arbeidet for andre ansatte i direktoratet, og tilslutt ein sluttdemostrasjon der dei presenterar heile arbeidet og sluttrapporten for prosjektet.
Årets camp varer fram til 5. august, og me kjem tilbake med meir informasjon om DigdirCamp utover sommaren.
DigdirCamp
Digdircamparane 2022:
-
Tuva Kvalsøren, Universitetet i Bergen
-
Joachim Hagheim, Universitetet i Sørøst-Norge
-
Lise Chen, Universitetet i Oslo
-
Hjalti Hjaltason, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
-
Espen Kalvatn, Universitetet i Bergen
-
Hrafnhildur Sverrisdottir, Universitetet i Bergen
-
Henriette Eltvik, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).