Hopp til hovudinnhald

Tilbakemeldingane på Integrasjons- og sikkerheitsforumet før jul viser at det heildigitale arrangementet vart godt motteke av deltakarane.

Integrasjons- og sikkerheitsforum er eit årleg arrangement som er teknisk retta mot kundar av fellesløysingane og deira leverandørar. Den 8. desember vart forumet for første gong arrangert digitalt.

Positiv respons

Deltakarane gir god gjennomsnittskarakter (rundt 5 av 6) både på fagleg nytte, relevans og teknisk gjennomføring. Over 70 prosent gir karakter 5 eller 6 på spørsmål om dei var «fornøyd med arrangementet».

Heile 84 prosent av respondentane svarer «ja» på spørsmålet om dei vi anbefale integrasjons- og sikkerheitsforum til andre.

Digitalt eller hybrid

Det er ikkje teke stilling til korleis neste Integrasjons- og sikkerheitsforum skal gjennomførast. Tilbakemeldingane syner at 45 prosent ønskjer seg ein heildigital konferanse, medan 42 prosent ønskjer ei hybridløysing der ein kan velje å delta enten fysisk eller digitalt. Litt over 13 prosent ønskjer seg tilbake til ein fysisk konferanse på eit hotell eller konferansesenter der ein kan møte andre deltakarar, arrangører og innleiarar.

Sjå opptak og presentasjonar frå forumet