Maskinporten er ei løysing som gjer deling av data mellom verksemder enklare, og vi ser at bruken tek seg jamnt opp!
Sikrare deling av data
Maskinporten forenklar deling av data sidan verksemdene ikkje treng å bruke ressursar på utvikling og vedlikehald av eigne sikringsmekanismar - de slepp å utveksle sertifikat og public nøklar. Ved å bruke Maskinporten kan offentlege og private verksemder vere sikre på at de kommuniserar og deler data med dei de skal.
Antal konsumentar som er komne på i år har auka jamnt, og grafane held fram med å stige. Til å vere ei relativt ny løysing, er det spanande å sjå kor mange som allereie har teke den i bruk.