Hopp til hovudinnhald

Ein etterspurt løysing frå fleire verksemder har vore å kunne signera større dokument med eSignering. Det er no endeleg mogleg å signera dokument heilt opp til 10MB gjennom eSignering!

27. januar 2023

Inntil no var 3 MB store dokument det største ein kunne senda til signering, så det er ei vesentleg auke. Dette gjer at de som brukar løysinga kan utvida bruken, og senda vesentleg større dokument til signering via eSignering.

Erfaringar i pilotperioden

Nokre verksemder har vore pilotkundar og dei har gitt oss gode erfaringar, og verifisert løysinga på ein god måte.

Enkelte verksemder har hatt størrelsesbegrensinga på dokument som ein "showstopper" frå å ta i bruk eSignering. Ved å auka størrelsen på dokumenta kan enda fleire offentlege verksemder nytta løysinga, og dei som allereie nyttar den får større moglegheiter.

Tilgjengeleg for alle

Funksjonaliteten med å senda større dokument er implementert som standardfunksjonalitet i både portal og API (maskin til maskin) og er noko alle som brukar eSignering kan nytta. Me har erfart at enkelt må gjera ein mindre konfigurasjonsendring på si side for å validere for større dokument.

Under finn du oppdaterte prisar for sending av både vanlege og større dokument.