Hopp til hovudinnhald

Måndag 3. oktober startar vi utsending av aktiveringsbrev med aktiveringskode. Aktiveringsbrevet erstattar dagens PIN-kodebrev.

30. september 2022

Utfasing av PIN-kodebrev

PIN-kodebrevet fyller i dag to funksjonar, både som utstedelsesmekanisme og som autentiseringsfaktor. Digdir har beslutta å avvikle PIN-kodebrevet som autentiseringsfaktor då det ikkje tilfredstiller krava i identifikasjonsnivåforskrifta. MinID app er eit sikrare alternativ då den, i motsetning til PIN-kodebrevet, er beskytta med fingeravtrykk, faceID eller kode. Dei som har PIN-kodebrev kan bruke dette ei stund endå. Sluttdato er ikkje satt, men tentativt januar 2023.

Det nye aktiveringsbrevet

Når innbyggar bestiller eit aktiveringsbrev vil hen motta ein eingangs aktiveringskode som er gyldig i 30 dagar frå bestillingsdato. Aktiveringsbrevet vert sendt som fysisk post til folkeregistrert adresse.

MinID app eller eingongskodar

Ved registrering av brukar i MinID vel innbyggar om hen vil bruka MinID app eller eingongskodar på SMS som autentiseringsfaktor. MinID app kan lastast ned på smarttelefon frå App Store (iOS) og Google Play (Android).