Hopp til hovudinnhald

Årsplanen for ID-porten gir ei oversikt over tenester hjå kundane som er rekna som høgvolum eller kritiske. No er denne oppdatert med datoar for 2024.

09. januar 2024

Her finn du årsplanen

Viktige periodar i løpet av året

Dersom tenester genererar meir trafikk enn normalt, kan dette ha innverknad på ID-porten. Høgvolum betyr at ein ventar at betydeleg fleire innbyggjarar enn normalt loggar seg inn til ei enkelt teneste. Ei kritisk tenest er ei tenest som til dømes har ein viktig tidsfrist, eller som er særleg viktig at er stabil for bruk i ein periode.

I samsvar med bruksvilkåra for Digdirs fellesløysingar jobbar Digdir for å ha oversikt over desse periodane, for å kunne levere ei stabil og robust innloggingsløysing for våre kundar og innbyggjarane.

Digdir vil, så langt det let seg gjere, unngå å gjere endringar i løysinga i samband med høgvolum eller kritiske periodar. De kan melde i frå om tenester som de reknar som kritiske eller som er venta å gi auka trafikk til servicedesk@digdir.no.