Hopp til hovudinnhald

Frå 1. september vert det ikkje lengre mogleg å bestille BankID på mobil, då er det BankID app som gjeld. Den nye appen kan lastast ned allereie no.

18. august 2022

Gradvis utfasing

BankId på mobil vil framleis fungere for dei som har tenesten aktivert, men vil gradvis fasast ut. Etter kvart vil app og fysisk kodebrikke vere dei einaste tilgjengelege innloggingsalternativa med BankID.

Lynrask BankID oppleving med app

Til hausten vil app-brukarane få ei endå betre BankID-oppleving, då oppdaterast appen med biometri. Det betyr at brukarane kan bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode i appen. Med dagens løysing tek innlogginga omlag 30 sekund, men med biometri i den nye app vil det ta omlag 10 sekund.