Nye ID-porten er klar, vi er i prøvedrift og fredag 21. april migrerte den første tenesten over på ny løysing.
Fungerer som den skal
Sidan oppstart har nye ID-porten levert som den skal utan hendingar eller nedetid. Vi har stabil, om ikkje så mykje, trafikk på løysinga.
Vi er klare for meir trafikk
Det er fleire verksemder som er i gang med testing, og mange som bør kome i gang. Vi er klare for meir trafikk og ynskjer at alle som er klare, og ikkje leverer kritiske tenester, startar å flytte OIDC-tenestene sine over på nye ID-porten no. Det kan vere greitt å merke seg at den nye OIDC-løysinga ikkje har single sign-on til gamal plattform.