Hopp til hovudinnhald

Frode Danielsen blir konstituert i stillinga som direktør for Digitaliseringsdirektoratet fram til Kommunal- og distriktsdepartementet har tilsett ny direktør. Danielsen tek over for avtroppande direktør Steffen Sutorius 15. november.

Frode Danielsen
Frode Danielsen, direktør i Digitaliseringsdirektoratet.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Frode Danielsen (43) er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Danielsen kjem frå stillinga som avdelingsdirektør for fellesløysingar som har kontor i Leikanger der han i ei årrekke har bidratt i oppbygginga av eit sterkt og leveransedyktig fagmiljø for utvikling og forvaltning av løysingane. Han var også sentral i arbeidet med etableringa av det nye direktoratet i 2020.

Eg har sagt ja til å ta direktørstillinga for ein periode fordi eg er trygg på organisasjonen og kjenner dei fleste medarbeidarane mine i Digdir. Leveransane spesielt dei siste åra har vist at fagmiljøa våre både har kompetanse og gjennomføringskraft som heile offentleg sektor nyt godt av.

Han legg vekt på at det pågåande arbeidet i Digdir vil halde stø kurs og god fart framover.

Vi står midt i eit viktig moderniseringsarbeid for fellesløysingane og Altinn som held fram. Dette er løysingar som fleire hundre offentlege verksemder nyttar kvar dag til beste for innbyggarar, arbeidsliv og frivillig sektor.