Frå 16. mars til 4. april vert skattemeldinga puljevis gjort tilgjengeleg for skattepliktige. Dette betyr høg trafikk i ID-porten, og vi treng hjelp til å sikre stabil drift.
Bidra til føreseielegheit og stabile tenester
Vi ber våre kundar om å ta kontakt med oss dersom de skal sende varsel til innbyggjar, eller ventar auka trafikk i eigne tenester i perioden 16. mars til 4. april. Dette er eit viktig bidrag for å sikre stabilitet i ID-porten og offentlege digitale tenester.