eKommune er ein flott møteplass for alle som er opptatt av digitalisering, omstilling og innovasjon i offentleg sektor. I dag er det nettverksdag på The Hub i Oslo og offisiell opning er i morgon 20. april.
Digdir deltek på eKommune med kompetanse og løysingar som vil vere til stor nytte i digitalisering av offentleg sektor. Under konferansen finn du oss på stand nr. 25.
Vi ynsker dialog og samarbeid om vårt felles mål «Éin digital offentleg sektor»
Møt og vår nye direktør Frode Danielsen. Han skal halde avsluttande innlegg på konferansen og vil dele sine tankar om vegen vidare.