Kriseøvinga "Octo" vart gjennomført fredag 28. januar med deltakarar frå drifts og forvaltningsmiljøa knytta til ID-porten og Altinn 3. Scenarioet var sesjonssamanblanding etter ei produksjonssetting i ID-porten.
Octo var ei intern funksjonsøving for Digdir der målet er å dele kompetanse, kjennskap og samarbeid mellom leveranseavdelingane etter ei alvorleg hending.
Sesjonssamanblanding er ei slik alvorleg hending. I praksis vil det bety at brukarar som loggar seg inn kan få tilgang til andre personar sine opplysningar i ulike offentlege tenester. Hovudoppgåva var å analysere loggar og melde tilbake funn til kommunikasjon/kriseleiing etter ei slik hending.
Ved sida av øvingsstaben var åtte deltakarar med på øvinga som vart gjennomført slik som vi jobbar - på Teams. Deltakarane var tekniske medarbeidarar som til dagleg jobbar med søk, samanstilling og analyse av loggar i ID-porten og Altinn 3-miljøet.
- Førebels tilbakemelding frå deltakarane var at dette var ei nyttig og lærerik øving. Øvingar er ein viktig del av kvalitetsstyring og hendingshandtering i fellesløysingane våre. Funn og evalueringar frå øvingar gir god innsikt og kva som er bra og kor vi kan bli endå betre, seier Kristine Håland som var øvingsleiar for Octo.