Hopp til hovedinnhold
19. april 2022

Praktikanten vår har havna midt i det hektiske arbeidet knytt til flyktningestraumen - og korleis handtera den digitale brukarreisa for dei ukrainske flyktningane som kjem til Norge.

Lars Royrhus
Foto: Keth Øren, Sogn Avis

Praktikant

Lars er i gang med andre semester på masterstudiet i innovasjon og marknadsføring i Sogndal, og hadde høyrt bra ting om Digdir. Han sende oss ein open søknad om praksisplass, og etter nokre e-postar og intervju vart det fullklaff.

Lars hadde sin første arbeidsdag 14. mars og skal vere hjå oss fram til juni. Han vart raskt kasta inn i arbeidet med å kartlegge den digitale brukerreisa til flyktningar. Digdir fekk i oppdrag å kartlegge brukarreisa til flyktningane frå Ukraina, og har i etterkant fått løyving på 26 millioner kroner til å få på plass eit opplegg for at flyktningane raskt kan få ein eID. Eit oppdrag Digdir fekk hjå departementet, og som vart kommunisert av dåverande kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding 1. april.

-Krevjande oppdrag

Me er godt i gang med å få kartlagt den digitale brukerreisa til dei ukrainske flykningane, sjølv om det er en del arbeid som står att. Ikkje minst samhandling og dialog med fleire offentlege etatar. Neste skritt blir å sjå på korleis informasjonen til flykningane kan bli meir tilgjengeleg, slik at ukrainarane etter kvart kan nytta seg av dei offentlege digitale tenestene, mellom anna digital postkasse. Lars får også sjå på alternative problemstillingar.

Oppgåvene masterstudenten har fått bryna seg på er utfordrande.

– Det er ekstremt krevjande å setja seg inn i den mottaksprosessen for desse flyktningane, og det er mange aktørar og ikkje minst regelverk som skal takast omsyn til, seier Røyrhus.

Digital post til ungdommen

I tillegg til hasteoppdraget skal Lars sjå på korleis me kan nå ut til ungdomen, og få dei til å oppretta seg med ein digital postkasse. Dette vil gjera det enklare for offentlege verksemder å nå den yngre målgruppa. - Eg kan kanskje sjå på det med nye auge og komma med idear om korleis ein kan nå ungdommen.

Eg føler meg veldig gjort stas på her, og folk er hjelpsame. Eg prøver å sjå oppgåvene frå ulike vinklar, og det er litt unikt å få den fridomen som praktikant.

Lars Royrhus, praktikant i Digdir
Praktikant, Digitaliseringsdirektoratet

Lars Royrhus

Marianne
Seksjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet

Marianne Strypet

Forfattere

Lars Royrhus, praktikant i Digdir
Lars Royrhus
Praktikant, Digitaliseringsdirektoratet
Marianne
Marianne Strypet
Seksjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
5 + 0 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.