Hopp til hovudinnhald

Frå måndag 26. juni er nye ID-porten i ordinær drift, med full SLA og klart betre ytelse enn dagens løysing.

22. juni 2023

No er det på tide å flytte

Dette betyr at alle med OIDC-integrasjonar som ikkje er avhengige av SSO no kan flytte tenestene sine.

For at vi skal kome i mål med flytting av fleire tusen tenester innan nyttår, så er vi avhengige av at de for alvor startar å migrere. Til no har det gått alt for seint. Nokre verksemder har flytta tenestene sine, nokre er godt i gang med testing, og mange har framleis ikkje prioritert dette. De som ikkje har starta planlegging og testing må starte no!

Mange kundar flyttar tenester utan problem, men det har vist seg at nokre er nøydde til å gjere ein jobb med løysingane sine, og det ynskjer me at de finn ut av allereie no. Rundt årsskifte skrur vi av dagens løysing, tenester som då ikkje er flytta vil slutte å fungere.

    Les meir om nye ID-porten

    Vi er på jobb i sommar

    For oss i Digdir er flytting til nye ID-porten så viktig at vi har nokre av våre beste folk på jobb gjennom heile sommarferien. Det betyr at vi har ressursar med god kompetanse på nye ID-porten tilgjengelege for dei av dykk som planlegg å migrere i sommar.

    To gode råd

    1. Er de framleis på SAML så start arbeid med overgang til OIDC. SAML-proxyen vil ha redusert funksjonalitet i forhold til dagens versjon og har begrensa levetid.

    2. Har de OIDC-tenester utan SSO-avhengigheit, flytt til nye ID-porten no - Det er ingen grunn til å vente.

    Funksjonaliteten i nye ID-porten er 95% klar

    Vi har to restansar i nye ID-porten som vert levert etter sommaren. Dette er funksjonalitet som berre er viktig for eit fåtal kundar.