Hopp til hovudinnhald

26.februar kl. 14.00 er det gamle oidc-grensesnittet på oidc.difi.no historie. Tenester som ikkje er migrert til nye ID-porten vil slutte å fungere.

20. februar 2024

Det vert liggande nedetidsplakat på gamle ID-porten fram til 1. mars. Etter 1. mars vil ein få ei http 500 feilmelding.

Har de framleis ikkje flytta?

Den siste veka har omlag 300 tenester hatt trafikk på oidc.difi.no. Vi veit at mange av desse er planlagt flytta denne veka, men resterande veit vi ikkje status på.

Har de tenester de ikkje har migrert så byrjar de å få svært dårleg tid.

Dette gjeld KUN tenester som framleis går mot https://oidc.difi.no/idporten-oidc-provider

Nedetid på vår sjølvbeteningsløysing

Vår sjølvbeteningsløysing skal flyttast til ny plattform. I samband med det får vi nedetid på sjølvbeteningsløysinga frå måndag 26. februar kl. 14.00. Om alt går etter planen er den oppe og går att tysdag 27. februar kl. 09.00.

Treng de hjelp ved migrering?

Om de treng hjelp kan de kontakte oss på servicedesk@digdir.no

Servicedesken er bemanna alle kvardagar frå klokka 08.00 - 15.30, vi har ingen support utover dette.