Som ein del av samarbeidet med DigiUng var Digdir i forrige veke på fleire skular i Bergen for å pilotere utstedelse av MinID i skulen. Erfaringene så langt er veldig positive!
Dette var første del av piloten der målet var å teste om det er mogleg å gjennomføre god nok ID-kontroll til å kunne utstede MinID av lærarar og rådgivarar på skulane.
Piloteringa var gjort i samarbeid med Bergen kommune som også var med på skulane i Bergen. Dei har og laga ein film som oppsummerer skulebesøka.
Viktig arbeid
Dette er eit viktig arbeid for at ein større del av ungdomane skal få seg ein eID. Erfaringane så langt er utelukkande positive, og det blir jobba vidare saman med fleire i 2024 for å ta arbeidet vidare.
Lykkast vi med dette arbeidet vil ungdom få ein mykje enklare veg inn i digitale offentlege tenester. Det vil og berede grunnen for eID til alle, og arbeidet som skal i gang med digital lommebok.
Oppfølging etter workshop
På vårparten hadde Digdir og DigiUng ein workshop, der tema var å gjera det lettare for ungdom å skaffe seg eID. Denne piloten er av ein av fleire tiltak for å bidra til å oppnå dette viktige temaet. Les meir om workshopen under.