Dei digitale fellesløysingane frå Digdir skaper milliardgevinstar både i offentleg forvaltning og privat sektor. Ei av løysingane er Maskinporten som åleine har spart samfunnet for over éin milliard kroner sidan lanseringa i 2019.
Meir deling av data er viktig for å skape gode offentlege tenester og styrke verdiskapinga i næringslivet. Maskinporten sørger for at dette kan skje på ein sikker måte, og på kort tid har løysinga effektivisert dataflyten i mange tusen tenester.
– Mange av fellesløysingane er ikkje synlege for folk flest, men dei er viktige komponentar i det digitale økosystemet i Noreg. Dei er ein del av den samfunnskritiske infrastrukturen vår og bidrar til effektivisering av forvaltninga, seier Aamund L. Bremer. Han er i dag løysingsarkitekt i Digdir og var sentral da idéen om å utvikle Maskinporten oppsto for nokre år sidan.
Med effektiv bruk av fellesløysingar kuttar vi kostnader og legg til rette for omfordeling av midlar til område i samfunnet der vi treng dei framover.
Digitale «byggeklossar»
Maskinporten og dei andre fellesløysingane er i bruk i omlag 10.000 tenester i kommunar, offentlege verksemder og etatar. Eksempel på slike fellesløysingar er ID-porten, Altinn, eFormidling, eSignering og Digital postkasse. Dette er digitale «byggeklossar» i tenestene som innbyggarar, næringsliv og organisasjonslivet brukar kvar dag.
– Det er dette som er den store fordelen med fellesløysingane. Dei dekker like behov i forvaltninga, dei blir utvikla éin gong og kan så brukast av alle, seier Bremer.
Milliardgevinstar
Basert på nytte- og kostnadsmodellar frå Oslo Economics sto fellesløysingane frå Digdir for ein nettogevinst på 968 millionar kroner i 2023. I tillegg kjem betydelege gevinstar frå bruken av Altinn som Digdir også forvaltar. Næringslivet oppgir at bedriftene sparer 15 milliarder i året i redusert tidsbruk ved å bruke Altinn*.
FELLESLØYSING | GEVINSTAR 2023 (MILL. KR.) |
---|---|
ID-porten | 301,5 |
Kontakt- og reservasjonsregisteret | 91,2 |
Maskinporten | 605,5 |
eInnsyn | 44,7 |
eSignering | 24,6 |
Digital post til innbyggar | 124,0 |
eFormidling | 125,5 |
SUM | 1 316,9 |
Samla kostnader drift/forvaltning | 348,5 |
NETTOGEVINST | 968,4 |
*) Ei spørreundersøking besvart av 3 600 næringslivsleiarar. Gjennomført av Opinion på oppdrag for Digdir i 2020
Fellesløysingane kan t.d. sørge for sikker digital identifikasjon av innbyggarar og verksemder, styre tilgangar, hente data frå register, sende post og meldingar, gi innsyn i offentleg informasjon, tilby digital signering og la offentlege etatar utvikle tenester på ei felles plattform.
Fellesløysingar er smart
Direktør Frode Danielsen i Digdir meiner det er smart for forvaltninga å bruke fellesløysingar, enten dei er forvalta av Digdir eller andre aktørar. Det offentlege skal levere stadig fleire, betre og samanhengande tenester som gir auka verdi for brukarane og større gevinstar for forvaltninga. Det skal skje raskare og innanfor stadig strammare budsjett, samtidig som ein må ivareta sikkerheit og stabilitet i løysingane.
– Ved å gjenbruke fellesløysingane sparar forvaltninga tid og pengar fordi ein slepp å utvikle all funksjonalitet frå starten. Verksemdene kan prioritere eigen kompetanse og ressursar på å bygge gode, innovative, trygge og brukarretta tenester, seier Danielsen.
Stort gevinstpotensial
Potensialet er framleis stort, og i lys av utfordringane som landet står overfor i tiåra som kjem er det klart at meir digitalisering er ein del av løysinga.
– Med effektiv bruk av fellesløysingar kuttar vi kostnader og legg til rette for omfordeling av midlar til område i samfunnet der vi treng dei framover, seier Danielsen.
Riksrevisoren har tatt til orde for å ta sterkare styring over digitaliseringa av den offentlege forvaltninga og slår fast at Noreg i mindre grad enn andre land klarer å ta ut dei økonomiske gevinstane frå digitalisering. I det store bildet handlar det om at staten må kutte fem milliardar i året fram mot 2060.
Om gevinstmodellane frå Oslo Economics
- Bereknar samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknadar for ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, Maskinporten, eFormidling, eInnsyn, eSignering og Digital postkasse til innbyggar.
- Vert brukt til å verdsette prissette verknadar av løysingane, som spart tidsbruk i offenteg sektor, sparte transaksjonskostnadar og andre innsparingar som følgje av stordriftsfordelar.
- Modellane bereknar prissette gevinstar basert på bruksdata og løysingsspesifikke forutsetningar for gevinstar og kostnadar.
- I tillegg skaper løysingane kvalitative gevinstar som t.d. betre brukaroppleving, som ikkje er talfesta.