Dei neste månadane vil eit lite utvalg innbyggjarar få tips om å ta i bruk den nye MinID app'en. Me ønsker å gå gradvis fram for å bygge erfaring med app'en for og sikre at den er robust og stabil.
Kva er MinID?
MinID er ein eID i ID-porten for alle med fødselsnummer eller eit D-nummer som er over 13 år. MinID gir tilgang til offentlege tenester på sikkerheitsnivå «betydeleg», tidligere nivå 3.
Fordeler med app
For å betre brukaropplevinga kan innbyggarane laste ned ein app som erstattar bruk av pin-kodar eller SMS. Med MinID app på eigen smarttelefon kan innbyggjar i staden nytte eigen kode, faceID eller fingeravtrykk ved pålogging. Løysninga gjer det enklare og sikrare både for innbyggar og kundar.
Appen kan lastast ned på smarttelefon frå iOS og Android.
Testperiode
Me ønsker å gå gradvis fram for å bygge erfaring med app’en og sikre at den er robust og stabil. Me gjennomfører difor ei stille lansering av MinID app for innbyggjarar denne veka og ynskjer å gjennomføre ein prøveperiode før app'en eventuelt blir tilgengelig for fleire.
Appen blir tilgjengelig gjennom informasjon på tips-side ved innlogging i ID-porten.