Hopp til hovedinnhold

Fra i morgon (1. februar) kl 10:00 kan ein ikkje lenger bruka PIN-kodar til innlogging med MinID i testmiljøet VER2. Dette er tilsvarande endring som vart gjort i produksjon den 16. januar.

31. januar 2023

Endringa fører til at MinID-testbrukarar som inntil no har brukt PIN-kodar, og som ikkje har syntetisk personidentifikator vil få eingangskodar på SMS til registrert mobilnummer. Om testbrukaren ikkje har registrert mobilnummer vil innlogging ikkje vera mogleg.

Dersom de har feil telefonnummer eller ikkje har registrert telefonnummer på testbrukaren kan du:

  1. Bruka BankID testbrukar for å endre kontaktinformasjon
  2. Gå til brukerprofil i VER2 for å endre mobilnummer
  3. Dersom ingen av alternativa over er mogleg kan de ta kontakt på servicedesk.

Bruk TestID for testing

Me anbefalar sterkt å bruka TestID når ein skal teste gjennom ID-porten. TestID støttar innlogging med syntetisk personidentifikator, og ein unngår risiko for å blanda saman test- og produksjonsdata.

TestID testbrukarar kan du finna sjølv på Tenor-testdata-søk.

Utfasing av VER1-miljøet

VER 1 testmiljøet vert fasa ut i løpet av våren 2023, så dei som testar mot dette miljøet bør flytta testing over på VER2-miljøet snarast.