Hopp til hovudinnhald

Årets Nokios-konferanse er avslutta og vi i Digdir har hatt tre spennande dagar i Trondheim med nettverksbygging og fagleg påfyll.

25. oktober 2024

Ein innhaldsrik siste dag

Andre konferansedag starta med parallellsesjonar. Tor Alvik frå Digdir bidrog i sesjonen "Bli oppdatert på digitale lommebøker".

Vidare bidrog Guri K. Lande og Helle Stedøy frå Digdir i sesjonen "Vil Norge lykkes med ny digitaliseringsstrategi?" der dei presenterte konseptet og ein betavarsjon av vegkartet som skal bidra til å realisere den nye digitaliseringsstrategien frå regjeringa.

I tillegg til sesjonane vart det helde mange spennande utstillarseminar om blant anna kunstig intelligens, strategi og kultur, digital lommebok demo og suksesskriterier for å lykkes med team.

Konferansen vart avslutta med eit avslutningsplenum "It's the end of the Internet as we know it?" der vi fekk høyre engasjerande innlegg frå dyktige fagpersonar, før det vart avslutta med ein panelsamtale der det vart diskutert moglege utfordringar og løysingar for internettets framtid.

Etter tre innhaldsrike dagar med presentasjonar, diskusjonar, samfunnsutfordringar og strategiar kjenner eg meg optimistisk for korleis vi skal møte utfordringar som ligg framfor oss.

Takk for oss

Som medarrangør av Nokios har vi i Digdir vore godt representert på konferansen og har bidrege på både kurs, workshops og foredrag. Standen vår var godt besøkt og vi hadde mange gode samtalar og diskusjonar med dei som var innom. Vi har hatt inspirerande og lærerike dagar i Trondheim og ser fram til neste års konferanse 21.-23. oktober 2025.

Les om og sjå bilder frå første konferansedag