Hopp til hovudinnhald

Før helga vart siste skattemeldinga for 2022 sendt ut, og vi er no ferdige med ein godt gjennomført skattemeldingsperiode.

03. april 2023

I perioden 14. til 31. mars er skattemeldinga gjort tilgjengeleg på skatteetaten.no. Som i fjor skjedde dette puljevis, og den enkelte har fått beskjed når skattemeldinga var klar. Dette omfattar dei aller fleste lønsmottakarar og pensjonistar.

Status for skattemeldingsperioden

Det har vore høg trafikk på ID-porten i denne perioden med 25,2 millionar innloggingar totalt, og i underkant av 11,2 millionar innloggingar til skattemeldinga.

Utsending av skattemeldinga har gått veldig bra i år. Vi har hatt stabilt høg trafikk utan nokon form for uregelmessigheitar eller feil. Vi har ikkje hatt betydelege hendingar i år, verken knytt til innlogging eller sjølve skattemeldinga.

Fakta om skattemeldingsperioden

  • 5,3 millionar skattemeldingar vart publisert i perioden.
  • 23. mars var trafikktopp med 790 000 publiserte skattemeldingar og over 1 million innloggingar til skattemeldinga.
  • 93,5% av innloggingane vart gjort med BankID. MinID er nest størst med 5,12%.
  • Fordeling på innloggingar er omlag 50/50 mellom kvinner og menn.