Hopp til hovudinnhald

Status for utsending av skattemelding i 2023

I perioden 14. - 31. mars vert skattemeldinga for 2022 gjort puljevis tilgjengeleg for alle som mottek løn, pensjon eller uføretrygd. Her kan du sjå statistikk og lese status på utsendinga.

Oppretta: 14. mars 2023 Sist endra: 31. mars 2023

Status frå dagar med utsending av skattemelding

Vi hadde ein vellukka første dag av skattemeldingsperioden, og det vart publisert 505 000 skattemeldingar.

ID-porten leverte stabilt gjennom heile dagen. Vi hadde over 1,8 millionar innloggingar totalt og nesten 867 000 av desse var til skattemeldinga.

Det vart i dag sendt ut ca. 550 000 skattemeldingar. Utsendinga gjekk utan problem.

Vi hadde i underkant av 1,8 millionar innloggingar på ID-porten, 930 952 av desse logga inn på skattemeldinga.

Nok ein vellukka dag med utsending av skattemeldingar. Det vart i dag publisert ca. 520 000 skattemeldingar.

ID-porten og eID-leverandørane leverte utan problem. ID-porten hadde over 1,6 millionar innloggingar i dag, og 760 967 av desse var til skattemeldinga.

Fredag vart omlag 260.000 skattemeldingar publisert.

Vi hadde nesten 1,3 milliomar innloggingar på ID-porten, 560 671 av desse innloggingane var til skattemeldinga.

I dag vart det sendt ut omlag 370 000 skattemeldingar.

Vi hadde over 1,7 millionar innloggingar på ID-porten, over 720 000 av desse var til skattemeldinga.

Tysdag vart det sendt ut ca. 440 000 skattemeldingar. Det betyr at det no er publisert omlag 2,6 millionar skattemeldingar.

Vi hadde i underkant av 1,8 millionar innloggingar på ID-porten, 910 426 av desse var til skattemeldinga.

I dag vart det sendt ut ei pulje på omlag 403 000 skattemeldingar.

Vi hadde i overkant av 1,8 millionar innloggingar på ID-porten og 955 364 av desse var til skattemeldinga.

Utsendinga går etter planen og ID-porten fungerer som den skal.

I dag vart det sendt ut ei stor pulje på omlag 790 000 skattemeldingar.

Vi hadde i overkant av 1,8 innloggingar på ID-porten, 1 020 225 av desse var til skattemeldinga.

Denne fredagen vart det publisert ca. 420 000 skattemeldingar. Tilsaman er det til no sendt ut omlag 4,5 millionar skattemeldingar.

Vi hadde i underkant av 1,5 millionar innloggingar på ID-porten, halvparten av desse var til skattemeldinga.

Det vart i dag publisert rundt 600 000 skattemeldingar, noko som betyr at dei aller fleste no har motteke skattemeldinga si.

Vi hadde over 1,9 millionar innloggingar på ID-porten og 914 840 av desse var til skattemeldinga.

I dag vart dei siste 200 000 skattemeldingane publisert, alle skal no ha motteke skattemeldinga si.

Vi hadde i overkant av 1,4 millionar innloggingar på ID-porten, 599 002 av desse var til skattemeldinga.

Kontakt

Servicedesk