Hopp til hovudinnhald

Det offentlege Noreg er i all hovudsak digitalt, og det vil berre bli meir i tida som kjem. I juli bikka Kontaktregisteret 5 millionar aktive innbyggarar.

18. august 2023

Kva er Kontaktregisteret?

Registeret gir tilgang til innbyggjarane sin digitale kontaktinformasjon, mellom anna mobilnummer og e-postadresse. Ein stor fordel med dette registeret er at offentlege verksemder kun treng å forholde seg til dette registeret for å kunne nå innbyggarane.

Når vi seier at det er 5 millionar aktive innbyggarar meiner vi at det er 5 millionar innbyggarar som har valt at dei skal kommuniserast med digitalt frå det offentlege.

Ein kan òg reservere seg mot digital kommunikasjon. Vi ser at talet på reserverte innbyggarar har vore stabilt over fleire år, medan dei digitale innbyggarane har ei jamn auke.

Sjå meir statistikk for Kontaktregisteret og dei andre fellesløysingane på våre statistikksider.