Det betyr at de som brukar SOAP-grensesnittet må gjere endringar i integrasjonen for at tenesta skal fungere etter overgangen. Datoen for utfasinga er 31. desember, men det er viktig å starte planlegginga for overgang alt no.
Les kva som må gjerast ved overgangen
Lurer du på om dette gjeld di verksemd?
Digdir sender e-postvarsel til varslingspunkta hjå alle kundar som brukar SOAP-grensesnittet i dag.
I Min profil kan du sjå alle integrasjonar som di verksemd har i test og i produksjon. Finn du integrasjonar som heiter "KRR SOAP" eller "KRR SOAP ON BEHALF OF", må de gå over til å bruke REST API-et.
Kundar som i dag berre brukar REST API-et treng ikkje å foreta seg noko.
Start planlegginga
Start med å fylle ut skjema med plan for overgang til REST. De oppgir forventa dato for overgang og ein kontaktperson som vi kan kommunisere med. Når datoen nærmar seg, vil vi ta kontakt for status. Ansvaret for overgangen ligg til kunden, men ved å gi oss innsikt i dykkar planar kan me bidra til at det vert gjort før SOAP-grensesnittet er fasa ut.
Har de ein leverandør?
Er integrasjonen sett opp av ein leverandør bør de kontakte leverandøren for å lage ein plan på overgang til REST API-et. I skjemaet kan de gjerne legge inn kontaktinformasjonen til kontaktpunktet hjå leverandøren som skal gjere jobben for dykk.