Utfasing av SOAP-grensesnittet i kontaktregisteret
Frå 1. januar 2022 vert det redusert support på SOAP-grensesnittet til kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Kundar som brukar SOAP må gå over til å bruke REST API-et. Data og funksjonalitet er likt i begge grensesnitta, men REST tilbyr også sjølvbetening for oppretting og administrasjon av KRR-klientar.
Oppretta: 05. mars 2021
Sist endra: 01. desember 2022
Krev endring
Vi anbefaler verksemder som i dag brukar SOAP-grensesnittet å gå over til REST API-et så fort det let seg gjere. Dokumentasjon på korleis de går over til REST API finn du på Digdir.docs ved å følgje lenka nedanfor.
Teknisk informasjon på Digdir.docs
Status utfasing SOAP
- 165 verksemder brukar SOAP-grensesnittet
Bakgrunn for utfasinga
Det er fleire årsaker til at vi ønskjer å fase ut SOAP grensesnittet:
- Enklare å bruke og vedlikehalde integrasjonar i REST API-et
- Betre yting i REST API-et
- REST er i dag den føretrekte protokollen for WEB Service i det offentlege
- Støtte for fleire dataformat bl.a. JSON
- Å støtte både SOAP og REST gir utfordringar vedrørande ressursar og kompetanse
- Oppslag via SOAP er i dag tett integrert med ID-porten. REST går mot eit API som er sikra med maskinporten