Dette er MinID
MinID er ein personleg elektronisk ID som gjev tilgang til offentlege tenester på eit betydeleg sikkerheitsnivå. MinID er levert av Digitaliseringsdirektoratet.
MinID er ei tofaktorløysning, som betyr at ein må bruke to faktorar for å logge inn til ei teneste. Den eine faktoren er eit sjølvlaga passord. Den andre faktoren kan brukaren velja sjølv, og er ein eingongskode ein mottek på SMS eller frå ein godkjenningsapp (tidsavgrensa) eller eit pushvarsel frå MinID app. Vi tilrår pushvarsel frå MinID app, då slepp ein bruk av sms eller andre tilleggsappar.
Innbyggaren kan bruke MinID til å logge inn på dei fleste offentlege tenester. MinID er gratis og enkel å bruke. Med MinID kan ein til dømes søke om stipend, sjekke skattemelding eller godta skuleplass.
Utbreiing av MinID
Bruk av MinID gjer tenestene meir tilgjengelege og bidreg til at færre fell utanfor. For å få MinID må innbyggaren fylle 13 år inneverande kalenderår, vere folkeregistrert i Norge og ha ei gyldig adresse i folkeregisteret. Desse krava gjer MinID meir tilgjengeleg enn eID-løysingar på sikkerheitsnivå høgt.
Når MinID vert oppretta, vert innbyggar samtidig registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Registeret gir det offentlege tilgang til innbyggar sin digitale kontaktinformasjon (e-postadresse og mobilnummer), som dei kan nytte til å sende varsel og viktig informasjon.
Kvifor velge MinID?
- Digdir har fokus på brukaroppleving og design, og vi har testa løysingane våre spesielt på unge, eldre og personar med funksjonsnedsettingar.
- MinID er enkel og rask å ta i bruk, og å logge seg inn med. Digdir jobbar med å vidareutvikle brukaropplevinga understøtta av loggdata og brukartesting.
- Sikkerheitsnivå betydeleg er tilstrekkeleg for mange av innloggingstenestene. MinID inkluderer brukarar som ikkje kan få eID på nivå høgt.
Kven kan bruke MinID?
- Alle med norsk fødselsnummer eller D-nummer og gyldig adresse i folkeregisteret.
- Ungdom som har fylt eller fyller 13 år det året dei bestiller MinID kan bruke MinID. Mange unge bruker MinID for å få tilgang til tenester som Samordna opptak og Lånekassen.
- Innbyggarar som ikkje har gyldig pass eller BankID.
- Utanlandske personar med D-nummer. Utanlandske statsborgarar kan bruke MinID for å skaffe skattekort eller levere skattemeldinga.