Hopp til hovudinnhald

Som du kanskje har sett har vi ny organisering av fellesløysingane på Samarbeidsportalen.

Produktgruppeinndeling

Vi er no i gang med å flytte informasjon om alle Altinn-fellesløysingar over til Samarbeidsportalen. https://www.altinndigital.no/ skal avviklast, og vi skal samle informasjon om alle fellesløysingane på ei nettside. Dette har ført til ei lang liste med fellesløysingar, og vi håpar produktgruppeinndelinga gjer det enklare for dykk å finne informasjon om den fellesløysinga de er interessert i.

Digdir har sidan mars 2022 organisert porteføljen i produktgrupper med tilhøyrande produktråd, som er eit rådgivande organ for produktgruppene.