Hopp til hovudinnhald

Produktrådet er oppretta for å understøtta Digdir i utviklinga av fellesløysingar og er tett knytt til styringsrådet, som er eit rådgjevande organ for å bistå Digdir i styringen av fellesløysingane me har ansvar for.

Digdir har organisert porteføljen i ulike produktgrupper og mandatet for dette rådet gjeld innafor "Tillitstjenester"

Produkter for Styringsrådet

Produktrådet har ansvar for å:

  • sikra eit helhetlig brukarperspektiv og bidra til at produktgruppa si produktportefølje fungera godt og møter framtidas behov i forvaltninga.
  • skape best mogleg grunnlag for prioritering av behov som skal realiserast.
  • spela inn og vurdere felles behov i forvaltninga innafor produktrådets portefølje.
  • vera referansegruppe for arbeidet med produkt- og produktgruppestrategiar for produktrådet.
  • behandle saker frå produktgruppa før behandling i styringsråd

Fleire fellesløysingar

Tillitstjenester består av tenester som mellom anna skal levere autentisering, signering, autorisering og tilgangsstyring, og inkludera per idag:

  • ID-porten
  • Altinn autorisasjon
  • Maskinporten
  • eSignering
  • MinID

Medlemmer av rådet

Produktrådet vert leia av produktgruppeansvarleg i Digdir, og Digdir er og sekretariat for rådet.

Digdir utnemner 6-10 representantar etter ulike kriteriar, og representantane vert i utgangspunktet oppnemnt for 3 år