Hopp til hovudinnhald

Sommaren er her! Mange har nok allereie tatt ferie, og for resten av oss er den like om hjørnet. Her kjem ein liten status før vi loggar av.

Sommer
Unsplash.com

Status så langt

Ein rask kikk på tala så langt i 2025 bekreftar at dei aller fleste pilene peikar oppover. Årsrapporten for 2024 som vart publisert tidlegare i år bekrefta og at bruken av fellesløysingane fortset å stige.

Til no i år har vi passert 175 millionar innloggingar på ID-porten og 1,5 milliardar oppslag i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Antal tilbydarar og konsumentar har gått opp på Maskinporten og antal kundar og postkasser aukar på Digitalpostkasse til innbyggarar. I tillegg er det færre innbyggarar som vel å reservere seg mot digital kommunikasjon.

Eit sikkert sommarteikn

Kvart år når det nærmar seg sommarferie kjem Digdir-camparane til Leikanger. I år har vi 8 flotte IT-studentar på plass som har fått i oppdrag å sjå nærare på korleis språkmodellar og kunstig intelligens kan brukast for å redusere behandlingstida på vår Servicedesk. Vi gleder oss til å sjå resultatet av deira arbeid i sommar.

Overgang til Altinn 3

Det er no mindre enn eit år til vi stenger Altinn II. Vi er i innspurten av fleire store leveransar, og det er høg aktivitet i prosjektet. No skal mange ta seg ein velfortent ferie, også køyrer vi på for fullt att i august.

Påmelding til årets brukarråd er i gang

19.-20. november arrangerer vi årets brukarråd. Brukarrådet er for alle som brukar eller kan ha bruk for Digdir sine fellesløysingar. Her får du høyre om våre utviklingsplanar, vi viser eksempel på bruk av løysingane og vi ynskjer at de kjem med innspel og deltek i diskusjonar. Brukarrådet er heildigitalt og gratis, så her er det berre å sette av dagane og melde seg på.

Bemanning i sommar

Vi har sjølvsagt folk på jobb i heile sommar, men om du prøver å komme i kontakt med oss så kan du oppleve noko lengre svartid dei komande vekene. Raskast svar får du om du nyttar dei nye skjemaa vi publiserte tidlegare i juni. På hjelpesida kan det og vere at du finn svar på det du lurer på, så ta gjerne ein kikk der.

Vi ønsker alle våre kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar ein riktig god sommar!