Sommaren er her, og for mange ventar det snart ein velfortent ferie! I årets sommarhelsing summera me opp året så langt, og ser fram mot ein spanande haust.
For det første er det veldig stas at løysingane våre aukar i bruk - både i tal verksemder og i trafikk. Fokuset på bruk av fellesløysingar er meir aktuelt enn nokon gang, og dei er sentrale byggeklossar innafor det aller meste av offentlege tenester. Det krev meir av oss, både med tanke på stabilitet, ytelse og modernisering. Dette er noko me tek på det største alvor, og me arbeider hardt for å leverer stabile løysingar med god ytelse!
Store tal
På statistikksidene her på Samarbeidsportalen finn de oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar, og som de kan sjå der er det vekst innafor dei aller fleste område. ID-porten og Kontaktregisteret er kritiske løysingar alle har eit forhold til, og der har me passert henholdsvis 150 millionar innlogginar, og over 1 milliard oppslag så langt i år.
Over 4 millionar journalpostar er leverte til eInnsyn, og me passerer i desse dagar 1 million signerte dokument med eSignering. Nesten 3 millionar sendingar har gått gjennom eFormidling, og over 85 millionar fakturaar har vore innom adresseregisteret i ELMA.
Viktig arbeid
Som dei aller fleste av dykk er kjent med pågår overgang til nye ID-porten for fullt. Den 26. juni var nye ID-porten i drift med full SLA og betre ytelse enn dagens løysing. Her skal mange tusen tenester over før nyttår. Har di verksemd OIDC-integrasjonar som ikkje er avhengig av Single Sign-On er det svært velkomen til å migrere til nye ID-porten i sommar. Me har våre beste folk på jobb for å hjelpe dei av dykk som planlegg migrering i sommar.
I vår har me køyrt ein serie med webinar med nyttig informasjon og tips til deg som skal flytta tenester.
I juni nådde me og ein viktig milepæl i Digital postkasse, då alle verksemder no sender via ny og moderne transportinfrastruktur. Dette har vore eit langt prosjekt og me ønskjer å takke alle dykk for godt samarbeid i perioden.
Arbeidet med nye ID-porten og ny systemarkitektur treff alle verksemder som brukar ID-porten, og det er svært mange tenester som skal flyttast. Det er derfor veldig viktig at alle kundane våre kjem igang med arbeidet snarast. Tenester som ikkje er flytta før årsskifte vil slutta å fungere.
Hausten viktigaste møteplass
Den 19.-20. september arrangerer me Brukarrådet, som også i år blir eit gratis og heildigitalt arrangement. Årets tema er "Bygg moderne tjenester - på et trygt fundament" og her kan me lova spanande innlegg, gode brukarhistoriar og mykje inspirasjon. Påmeldinga er åpen, så meld deg på i dag!
Bemanning i sommar
For å kunne sikre at de får enda raskare svar på spørsmål de har, finn de no ei "Trenger du hjelp"-side her på Samarbeidsportalen. Her legg me inn svar på spørsmål me ser at mange har. Tanken er at dette skal vera ei levande side der du umiddelbart skal finna det du treng. Me er sjølvsagt også tilgjengeleg på e-post.
Me har folk på jobb i heile sommar, men de kan oppleva at me har litt lenger svartid på e-post i juli.
God sommar til alle våre kundar og leverandørar!