Hopp til hovudinnhald

For at vi skal nå rett personar i di verksemd ved endringar i løysingar, hendingar og annan viktig informasjon, er det viktig at de ligg inne med oppdaterte varslingspunkt.

Oppdater varslingspunkt

Når folk kjem og går i verksemdene er det viktig at lista over varslingspunkt vert oppdatert. At ein person som har slutta i verksemda ligg som varslingspunkt er verdilaust, og de kan gå glipp av viktig informasjon.

Når vi no jobbar med flytting til nye ID-porten har vi sett at nokre verksemder har få eller ingen gyldige varslingspunkt. Då er det vanskeleg for oss i Digdir å vere sikre på at desse verksemdene har motteke informasjon om flytting, og vi risikerer at tenestene deira sluttar å fungere om vi ikkje kjem i kontakt med rett person.

Ikkje ver ein av desse, oppdater varslingspunkta dykkar i dag!