Hopp til hovudinnhald

Tolletaten har jobba i prosjekt med Digdir og Arkivverket, og saman har dei utarbeida ein rapport. I prosjektet har dei funne ein tilnærming der Tolletaten kan gjere opplysningar om sine datasett tilgjengeleg i Felles datakatalog, og gjere dei same datasetta søkbare for offentlegheit gjennom eInnsyn.

08. desember 2022

Regulatorisk sandkasse fremjar innovasjon

Arkivverket har oppretta ei regulatorisk sandkasse for arkiv, data og offentlegheit i eit samarbeid med Digdir. Det er eit virkemiddel for å fremje ansvarleg innovasjon og er beskriven i regjeringa si nasjonale strategi for kunstig intelligens

Det er ei eiga prosjektside for regulatorisk sandkasse her på Samarbeidsportalen.

Les meir om prosjektet her

Tolletaten i sandkassen

I perioden februar til juni 2022 har Tolletaten deltatt i regulatorisk sandkasse for arkiv, data og offentlegheit I prosjektet med Tolletaten har vi testa om standardar frå informasjonsforvaltningen kan ivareta arkivfaglege hensyn til krav og offentlegheit.

Måla med prosjektet var

  • Kan arkivfaglege hensyn bli ivaretatt ved bruk av standardane i Felles datakatalog?
  • Kan offentlegheit bli ivaretatt og informasjon bli publisert på eInnsyn om den beskrivast og gjort tilgjengeleg ved bruk av desse standarane?

Rapporten frå prosjektet kan de lese her.

Prosjektet har vist oss et eksempel på korleis eInnsyn og Felles datakatalog kan utfylle kvarandre for å gi meir offentlegheit på ein effektiv måte.

Les meir om prosjektet med Tolletaten