Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

At mars ville bli ein månad med høg trafikk i ID-porten rekna vi med. Resultatet var likevel over all forventning.

Laga: 08. april 2021 Sist endra: 01. desember 2022

Heile 34,5 millionar innloggingar vart gjort i mars i år. For å setje volumet litt i perspektiv kan me sjå tilbake i statistikken for ID-porten og samanlikne.

I mars 2020 vart det logga inn 28 millionar gonger i ID-porten, som gir ein auke på 17,7 % frå same månad i fjor.

I 2019 var høgvolumperioden i april. Då vart det 19 millionar innloggingar.

Om ein ser lengre tilbake i tid, til 2012, vart det gjennomført 27 millionar innloggingar i løpet av eit heilt år.

Auke over tid

Bruken av ID-porten som innloggingsløysing til offentlige tenester har auka jamnt over fleire år. I 2020 var det ei samla auke på over 40%.