Hopp til hovudinnhald
20. januar 2021
  • Året starta med ein ny strategi for ID-porten.
  • I mars vart det implementert ei midlertidig kø-løysing i ID-porten som skulle sikre stabile tenester under utlegg av skattemeldinga. Det viste seg å vere ein stor suksess og hausten 2020 vart det skaffa ei permanent kø-løysing for ID-porten.
  • I samband med Covid-19 fekk me sjå viktigheita av digitale fellesløysingar og digitale tenester. Som følgje av Covid-19 dukka det opp eit behov for eID med digital onboarding, for at utanlandske permitterte arbeidstakarar skulle kunne logge inn til Nav og søkje om dagpengar. Dette resulterte i MinID passport som har vore tatt i bruk av innbyggjarar frå 54 forskjellige nasjonar.
  • Statistikken viser at det 2020 vart rekordtrafikk i ID-porten, månad etter månad. I desember passerte me 246 millionar innloggingar!