Hopp til hovudinnhald

Vi har heisa alle segl og jobbar i maksimal fart for løyse vårt nye oppdrag. Les om korleis arbeidet går så langt.

26. mai 2021

Digdir, Helsedirektoratet og Norsk helsenett har fått i oppdrag å lage ei innloggingsløysing der innreisande, utan fødsels- eller d-nummer, enkelt skal få tilgang til sitt covid-19 testresultat.

No nærmar vi oss sikkerheits- og akseptansetestar på første versjon av ID-løysinga, og vi er i rute til produksjonssetting 15. juni.

Gjenbruk er velbruk

For å unngå at brukaren skal måtte opprette nok ein brukarkonto, jobbast det for å bruke eID-løysingar som brukaren allereie har. Målet er at brukarar med AppleID og GoogleID på ein trygg og brukarvenleg måte skal få tilgang til prøvesvaret sitt. For å få til dette må vi ha god kjennskap til heile verdikjeda.

På sikt kan fleire offentlege verksemder dra nytte av arbeidet som no vert gjort. Digdir legg til rette for at løysinga skal kunne byggjast vidare på og brukast av fleire av våre kundar med tilsvarande behov.

Vil du følgje framdrifta i arbeidet?

Bli medlem i Facebook-gruppa "Samarbeidsportalen" og få varsel ved neste løypemelding.

Følg samarbeidsportalen - https://www.facebook.com/groups/samarbeidsportalen