Nytt oppdrag!

Det skal på kort tid etablerast ei innloggingsløysing for innreisande utan norsk fødselsnummer eller d-nummer.

23. Apr 2021

Digdir, Helsedirektoratet og Norsk Helsenett har fått i oppdrag å etablere ei innloggingsløysing for innreisande på kortare besøk i Norge, som har behov for å få sjå resultatet på sin Covid-19 test, men som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer.

Løysinga vil bli jobba med utover våren og sommaren, og me kjem til å gi løypemeldingar frå arbeidet her på samarbeidsportalen.

"Vi omprioriterer oppgåvene og set alle klutar til for å levere løysinga raskt."

Hans Gunnar Hagelien, jurist i Digdir
Illustrasjon 27