Hopp til hovudinnhald

Den seinare tida har FHI varsla innbyggjarar i utvalte kommunar om appen og det har gitt resultat!

03. februar 2021

Før jul informerte me om at FHI lanserte appen Smittestopp som er eit supplement i smittesporinga og frivillig å bruke. Sist veke varsla FHI innbyggjarane (over 16 år) i dei 25 kommunane som har fått innført strengare restriksjonar som følgje av korona. Mobilnummeret til innbyggjarane er henta frå kontaktregisteret.

Det vart gjort 96 300 nedlastingar av appen i timane etter SMS-varslinga. Nøkkeltal frå FHI viser at det er gjort til saman 691 000 nedlastningar av appen.

Skjermdump av nøkkeltall frå FHI. Grafen er tilgjengeleg her: https://www.fhi.no/om/smittestopp/nokkeltall-fra-smittestopp/
Kilde: FHI.no

Ytterlegare varsling planlagt

Denne veka vil resten av innbyggjarane i landet motta SMS frå FHI med oppmoding om å laste ned Smittestopp.