Smittestopp er den nye smittesporingsappen frå Folkehelseinstituttet, som vart lansert i dag. Appen skal bidra til å forhindre at koronaviruset sprer seg i samfunnet og er frivillig å bruke.
Verifiser positivt testresultat med ID-porten
Dersom du har testa positivt kan du oppgi dette sjølv i appen. For å bekrefte at du har testa positivt loggar du inn med ID-porten. Smittestopp vil sjekke at du er registrert som smitta i Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS), som FHI har ansvaret for, og fødselsnummeret ditt blir brukt for å sjekke om du er registrert som smitta eller ikkje.
Dersom det viser seg at andre telefonar har vore i nærleiken av din telefon (som også har lasta ned og tatt i bruk appen), får brukarane av desse telefonane varsel om dette på sine telefonar, som pushvarsel frå appen. Smittestopp er laga slik at det ikkje vert formidla opplysningar om kven som varslar om smitte.