På Status Digdir kan du til ein kvar tid halde deg oppdatert på status på fellesløysingane våre. No finn du også Altinn på Status.digdir!
Vi anbefaler alle som brukar ein eller fleire av våre fellesløysingar til å abbonere på dei løysingane verksemda brukar. Då vil du motta relevante varsel kring vedlikehald eller dersom det er feil på løysinga.
Vi samlar all informasjon
Altinn på Status Digdir er ei av fleire endringar vi gjer no. Vi jobbar med å samle informasjon om alle våre løysingar her på Samarbeidsportalen, og i løpet av dei neste vekene vil du finna all informasjon du tidlegare fann på Altinndigital.no. Dette vil gjera det enklare for kundar som vil ha ein informasjonskanal om alle Digdirs fellesløysingar.
Tilgjengelig på Samarbeidsportalen
Status Digdir finn du enkelt på framsida på Samarbeidsportalen. Du finn knappen "Abboner" oppe i høgre hjørne.