Frå og med i dag vil du finna informasjon om Felles datakatalog her på Samarbeidsportalen. Løysinga er perfekt for verksemder som er ute etter deling av data, og kan gi stor verdi for både offentleg og privat sektor.
Felles datakatalog er ingen ny fellesløysing - den har vore viktig for å dela data mellom verksemder i fleire år. Det nye er at du no finn all informasjon om korleis du tek den i bruk her på Samarbeidsportalen!
Saken fortset under filmen.
Datadeling gir gevinst
Ved å ta i bruk og bidra på Felles datakatalog skapar ein verdiar for både offentleg og privat sektor. Det blir enklare å få tilgang til sanntidsdata, utvikla nye tenester, mellom anna knytt til livshendelsane.
Det kjem meir
I løpet av kort tid vil ein og kunne finna oppdatert statistikk og nøkkeltal for Felles datakatalog, samt at ein vil få driftsmeldinger på Status Digdir som for dei andre fellesløysingane.
Utover våren vil det og koma informasjon om fleire andre spanande løysingar på Samarbeidsportalen.